Vindetreet årgang 2020 vil vera tilgjengeleg på dei vanlege salstadane våre frå midt i veke 48.

Prisen er i år gått opp til kr 250,-, framleis svært rimeleg for så mykje god lesnad.

Boka er på 170 sider i år også og har med 45 artiklar og fleire bilete frå alle dei ni bygdene i Vindafjord. Sidan det i år er 75 år sidan freden kom i 1945, har vi ein eigen seksjon vi har kalla «Fredsvåren 1945» kor folk frå alle bygdene fortel om korleis dei opplevde 8. mai.

Vi har som vanleg mange ulike forfattarar og vi er svært glade for alle som sender oss stoff til boka. Utan dykk ville boka blitt tynn. Takk skal de ha!

Vi vil også takka alle annonsørane som støttar oss år etter år.

Som før vil sogelaga dela ut eit gratis eksemplar til medlemene sine, og faste abonnentar vil få sine eksemplar tilsendt i god tid før jul. Skal du senda ei bok i posten, er vekta rett under ein kg.

Redaksjonen