Brevopplesing i Longårsdalen laurdag 22. august
Ta turen til Longårsdals-hytta laurdag 22.8. Klokka 13 les Nils Olav Østrem og andre opp 150 år gamle, historiske brev frå Longårsdalen, sende derifrå til Agatunet i Hardanger.
Husmannen Styrk Sjurson i Longårsdalen skreiv frå midten av 1800-talet og framover brev til dottera Guri og svigersonen Johannes Aga i Ullensvang. Ti av breva hans er nyleg gjenfunne. Dei gir glimt av og informasjon om livet i Longårsdalen og blir presenterte og lesne frå i Longårsdalshytta laurdag 22. august frå kl. 13 til 15.

"Vi har i den senere Tid havt bedre Lykke med vore Kreature, som Ulven nu mer har skaanet..." (brev datert 24.6.1861)

Ein finn merka ruter til Longårsdalen i Vindafjord Kommune sitt turkart HER

Med vennleg helsing
Skjold og Vats sogelag