2017-utgåva av Vindetreet er sendt til trykking og vil vera tilgjengeleg på dei vanlege salgsstadane i slutten av november. Utgåva vil også i år koma med stive permar og er på 128 sider med variert stoff og mykje bilete. Prisen er kr 200,- som i fjor. Sogelaga vil dela ut eit gratis eksemplar til medlemmene sine som vanleg, og abonnentar vil få tilsendt sine eksemplar så snart vi har fått boka. Til alle andre: Løp og kjøp!
Som vanleg vil der vera godt med stoff frå alle bygdene som sogelaga dekker: Vikebygd, Skjold, Vats, Sandeid, Vikedal og Imsland. Vi vil takka alle som har sendt oss artiklar og bilete og som slik bidrar til at skriftet får eit variert innhald.