den 5. juni Kl 19.00 hos Hatteland i Åmsosen

Styret i Vindetreet sette tidlegare i år ned ei nemnd saman med Ølen og Bjoa sogelag, som skulle utarbeida forslag til eit felles sogeskrift for heile kommunen. Innstillinga frå nemnda føreligg, og forslaget går ut på at Ølen og Bjoa sogelag går inn som medlem av foreininga Vindetreet der Skjold og Vats sogelag og Imsland, Vikedal og Sandeid er medlemer frå før.

Styret i Vindetreet har difor foreslått endringar i vedtektene til Vindetreet, slik at Ølen og Bjoa sogelag kan bli tatt opp som medlem.

Vedtektsendringar i Vindetreet må godkjennast av årsmøta i sogelaga. Difor kallar ein inn til ekstraordinært årsmøte i Skjold og Vats Sogelag og Imsland, Vikedal og Sandeid Sogelag.

Ølen og Bjoa Sogelag kallar inn til årsmøte for å godkjenna at ein blir medlem av Vindetreet og at Segn og Soge blir avvikla.

Dette har ein vald å gjera i fellesskap den 5. juni Kl 19.00 hos Hatteland i Åmsosen.
Der blir det først ei felles orientering om saka og deretter vil sogelaga avvikla sitt årsmøte kvar for seg.

Dokumentene i saka kan du lesa her:
- Styremøte Vindetreet 23.04.2018
- Innstilling frå nemnda for samanslåing av Vindetreet og Segn og soge
- Forslag til endring av vedtektene i Vindetreet

Med helsing
Sogelaga i kommunen