Kl 09.00 på 17. mai vil ordførar Ole Johan Vierdal  foreta avduking av ein bautastein til minne om stortingsmann-1814, Rasmus Viland. Støtta er reist på Viland i Ilsvåg, nedanfor vegen. Dette var heimegarden til Rasmus.

Professor Nils Olav Østrem vil delta og halda eit kort  kåseri om  den politiske problemløysinga Rasmus Viland deltok i hausten 1814. Det blir severt kaffi og kake.

Etter initiativ frå Arvid Staupe har Imsland, Vikedal og Sandeid sogelag i samarbeid med grendautvalet i Ilsvåg fått reist steinen. Sogelaget vil takka for økonomisk støtte frå Vindafjord kommune, Haugesund Sparebank, Sandeid bygg & Vedlikehold og sogebladet Vindetre.  Desse har gjort det mogeleg å få reist steinen.

Alle er velkomne til å oververa avdukinga.