Vindetreet
Toggle Navigation
  • Hovudside
  • Om Vindetreet
  • Vindetreet 2021, innhald
  • Artikkeloversikt
  • Artiklar på nett
  • Bilete
  • Kontakt oss
  • Imsland, Vikedal og Sandeid sogelag
  • Skjold, Vats og Vikebygd sogelag
  • Ølen og Bjoa sogelag
  • Vindafjordmuseet
  • Sogebladet VIKEBYGD
  • Sogeblad for Skjold og Vats
  • Segn og Soge
  • Sal av Vindetreet
  • Salgsstadar

Ekstraordinære årsmøte i alle sogelaga i kommunen

Detaljar
Oppretta 16 mai 2018

den 5. juni Kl 19.00 hos Hatteland i Åmsosen

Styret i Vindetreet sette tidlegare i år ned ei nemnd saman med Ølen og Bjoa sogelag, som skulle utarbeida forslag til eit felles sogeskrift for heile kommunen. Innstillinga frå nemnda føreligg, og forslaget går ut på at Ølen og Bjoa sogelag går inn som medlem av foreininga Vindetreet der Skjold og Vats sogelag og Imsland, Vikedal og Sandeid er medlemer frå før.

Styret i Vindetreet har difor foreslått endringar i vedtektene til Vindetreet, slik at Ølen og Bjoa sogelag kan bli tatt opp som medlem.

Vedtektsendringar i Vindetreet må godkjennast av årsmøta i sogelaga. Difor kallar ein inn til ekstraordinært årsmøte i Skjold og Vats Sogelag og Imsland, Vikedal og Sandeid Sogelag.

Ølen og Bjoa Sogelag kallar inn til årsmøte for å godkjenna at ein blir medlem av Vindetreet og at Segn og Soge blir avvikla.

Dette har ein vald å gjera i fellesskap den 5. juni Kl 19.00 hos Hatteland i Åmsosen.
Der blir det først ei felles orientering om saka og deretter vil sogelaga avvikla sitt årsmøte kvar for seg.

Dokumentene i saka kan du lesa her:
- Styremøte Vindetreet 23.04.2018
- Innstilling frå nemnda for samanslåing av Vindetreet og Segn og soge
- Forslag til endring av vedtektene i Vindetreet

Med helsing
Sogelaga i kommunen

Vindetreet årgang 2017 kjem snart

Detaljar
Oppretta 06 november 2017

2017-utgåva av Vindetreet er sendt til trykking og vil vera tilgjengeleg på dei vanlege salgsstadane i slutten av november. Utgåva vil også i år koma med stive permar og er på 128 sider med variert stoff og mykje bilete. Prisen er kr 200,- som i fjor. Sogelaga vil dela ut eit gratis eksemplar til medlemmene sine som vanleg, og abonnentar vil få tilsendt sine eksemplar så snart vi har fått boka. Til alle andre: Løp og kjøp!
Som vanleg vil der vera godt med stoff frå alle bygdene som sogelaga dekker: Vikebygd, Skjold, Vats, Sandeid, Vikedal og Imsland. Vi vil takka alle som har sendt oss artiklar og bilete og som slik bidrar til at skriftet får eit variert innhald.

Gardane på Vindastranda i Imsland

Detaljar
Oppretta 16 november 2016

Bjørn Nybru (1866 - 1963) skreiv i 1952 ned det han hugsa  om folket på gardane på Vindastranda. Vindastanda omfattar gardane på nordsida av Vindafjorden frå Frøvik inn til og med Hustoft og Skipavåg som grensar opp til Suldal kommune. Hustoft er siste garden Bjørn Nybru skriv om. Men rundt 1970 fullførte Berhard Skipevåg (1888 - 1976) verket med å ta med resten av Hustoft, Skipavåg og Rønnevik.

Desse artiklane gir svært interessant informasjon om  folket og livet på gardane for 100 - 150 år sidan. Vi legg dei difor ut på nettsida vår, slik at fleire kan få del i dette. Du finn dei under "Artiklar på nett" i menyen oppe.

Våga, som i frå gamalt av har vore den  beste garden på Vindastranda og i Imsland, er ikkje med i desse skrifta. Berre alle husmannsplassane under Våga er med. Bjørn Nybru grunngir dette med at Våga vart grundig omtala i ein artikkel i årsheftet til Rogaland Ættesogelag frå 1942. Vi får sjå om det kan vera mogeleg å få leggja ut også denne artikkelen seinare.

Sogeblad for Skjold og Vats – Skjold og Vats sogelag

Detaljar
Oppretta 08 november 2016

Skjold og Vats sogelag gav i perioden 1980 til 1984 ut fire årgangar av
”Sogeblad for Skjold og Vats”. Vi har nå gjort desse tilgjengelege i PDF format, og du finn dei under eige menypunkt.  
Etter eit opphald tok Skjold og Vats sogelag kontakt med Imsland, Vikedal og Sandeid sogelag og første utgåva av Vindetreet kom i 1992.

Artiklar frå Imsland og Vindafjord

Detaljar
Oppretta 08 mai 2016

Theodor Imsland hadde tidlegare lagt ut ein del artiklar på heimesida si hos Telenor. Telenor har avslutta denne tenesta  og artiklane er nå lagt inn her under "Artiklar på nett".  Dei fleste artiklane omhandlar Imslandsjøen. Men den mest leste har vore oversikta: "Skip bygde i Vindafjord 1850 - 1890".    

Side 3 av 5

  • 1
  • 2
  • 3
  • 4
  • ...

Vindetreet 2021

Vindetreet 2021 blir tilgjengeleg i veke 45/46.
Salgsstadane finn du HER.
Prisen  er kr 250,-.
Innhaldslista kan du sjå HER
Du kan og sjå artikkeloversikta
for alle utgåver HER.

Lenkjer til Facebook

"Imsland i gamle dar"

"Gamle bilete frå Vikedal"

"Gamle Sandeid"

"Gamle bilder fra Øvre og Nedre Vats"

Det er både opne og lukka grupper. 
Klikk på "Bli medlem" for å få fullt innsyn.

Vindafjordmuseet

Vindafjordmuseet ligg i Vikedal.
Les meir
Kontortid,
tysdagar frå kl. 0800-1500.
torsdagar frå kl. 0800-1200

Opningstider:
Tysdagar kl. 11-15 og torsdagar kl. 10-12.

Skulemuseet i Skjold er ope i samband med arrangement og skuleopplegg.

Kontakt oss:
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
tlf. 97009834
For spesialomvisning: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Velkomen!

Lenkjer

Rogaland Historie og Ættesogelag
Haugalandsmuseet
Ryfylkemuseet
Arquebus
Slekt og data
Digitalarkivet
Fotonettverk Rogaland
Interkommunalt arkiv

Arkiv

  • februar, 2022
  • november, 2020
  • februar, 2020
  • januar, 2020
  • desember, 2019
  • november, 2019
  • august, 2019
  • juni, 2019
  • april, 2019
  • mars, 2019
  • februar, 2019
  • januar, 2019
  • november, 2018
  • oktober, 2018
  • august, 2018
  • juni, 2018
  • mai, 2018
  • april, 2018
  • februar, 2018
  • november, 2017
  • august, 2017
  • juni, 2017
  • februar, 2017
  • november, 2016

Til toppen

© 2022 Vindetreet