Vindetreet
Toggle Navigation
  • Hovudside
  • Om Vindetreet
  • Vindetreet 2022, innhald
  • Artikkeloversikt
  • Artiklar på nett
  • Bilete
  • Kontakt oss
  • Imsland, Vikedal og Sandeid sogelag
  • Skjold, Vats og Vikebygd sogelag
  • Ølen og Bjoa sogelag
  • Vindafjordmuseet
  • Sogebladet VIKEBYGD
  • Sogeblad for Skjold og Vats
  • Segn og Soge
  • Sal av Vindetreet
  • Salgsstadar

Personregister, Heimar og folk i Vikedal.

Detaljar
Oppretta 03 april 2020

Det er no utarbeidd og lagt ut førenamnsregister for personar nemnde i bygdeboka Heimar og folk i Vikedal.
Registeret omfattar alle hovudpersonar som er omtala i bøkene, dvs. namn som er skrivne med feit/utheva skrift i busetnadsdelen. Etter kvart namn er det oppgjeve kva matrikkelgard namnet førekjem på og deretter kva sidetal namnet er å finna på for den same garden.
https://vindetreet.com/images/2020/Namneregister_for_Heimar_og_folk_i_Vikedal_1_og_2.pdf

Segn og Soge

Detaljar
Oppretta 24 februar 2019

Alle årgangar kan framleis skaffast, og vi sel dei her til halv pris + porto og emballasje.
Ved bestilling av alle årgangar får ein dei til kr 1000,-.
Heftene er for sal i Krambumuseet i Ølen. Ta kontakt med Magnus Andersen, tlf. 95276719. Bestilling kan du også gjera
her.

Ekstraordinære årsmøte i alle sogelaga i kommunen

Detaljar
Oppretta 16 mai 2018

den 5. juni Kl 19.00 hos Hatteland i Åmsosen

Styret i Vindetreet sette tidlegare i år ned ei nemnd saman med Ølen og Bjoa sogelag, som skulle utarbeida forslag til eit felles sogeskrift for heile kommunen. Innstillinga frå nemnda føreligg, og forslaget går ut på at Ølen og Bjoa sogelag går inn som medlem av foreininga Vindetreet der Skjold og Vats sogelag og Imsland, Vikedal og Sandeid er medlemer frå før.

Styret i Vindetreet har difor foreslått endringar i vedtektene til Vindetreet, slik at Ølen og Bjoa sogelag kan bli tatt opp som medlem.

Vedtektsendringar i Vindetreet må godkjennast av årsmøta i sogelaga. Difor kallar ein inn til ekstraordinært årsmøte i Skjold og Vats Sogelag og Imsland, Vikedal og Sandeid Sogelag.

Ølen og Bjoa Sogelag kallar inn til årsmøte for å godkjenna at ein blir medlem av Vindetreet og at Segn og Soge blir avvikla.

Dette har ein vald å gjera i fellesskap den 5. juni Kl 19.00 hos Hatteland i Åmsosen.
Der blir det først ei felles orientering om saka og deretter vil sogelaga avvikla sitt årsmøte kvar for seg.

Dokumentene i saka kan du lesa her:
- Styremøte Vindetreet 23.04.2018
- Innstilling frå nemnda for samanslåing av Vindetreet og Segn og soge
- Forslag til endring av vedtektene i Vindetreet

Med helsing
Sogelaga i kommunen

Vindetreet årgang 2017 kjem snart

Detaljar
Oppretta 06 november 2017

2017-utgåva av Vindetreet er sendt til trykking og vil vera tilgjengeleg på dei vanlege salgsstadane i slutten av november. Utgåva vil også i år koma med stive permar og er på 128 sider med variert stoff og mykje bilete. Prisen er kr 200,- som i fjor. Sogelaga vil dela ut eit gratis eksemplar til medlemmene sine som vanleg, og abonnentar vil få tilsendt sine eksemplar så snart vi har fått boka. Til alle andre: Løp og kjøp!
Som vanleg vil der vera godt med stoff frå alle bygdene som sogelaga dekker: Vikebygd, Skjold, Vats, Sandeid, Vikedal og Imsland. Vi vil takka alle som har sendt oss artiklar og bilete og som slik bidrar til at skriftet får eit variert innhald.

Gardane på Vindastranda i Imsland

Detaljar
Oppretta 16 november 2016

Bjørn Nybru (1866 - 1963) skreiv i 1952 ned det han hugsa  om folket på gardane på Vindastranda. Vindastanda omfattar gardane på nordsida av Vindafjorden frå Frøvik inn til og med Hustoft og Skipavåg som grensar opp til Suldal kommune. Hustoft er siste garden Bjørn Nybru skriv om. Men rundt 1970 fullførte Berhard Skipevåg (1888 - 1976) verket med å ta med resten av Hustoft, Skipavåg og Rønnevik.

Desse artiklane gir svært interessant informasjon om  folket og livet på gardane for 100 - 150 år sidan. Vi legg dei difor ut på nettsida vår, slik at fleire kan få del i dette. Du finn dei under "Artiklar på nett" i menyen oppe.

Våga, som i frå gamalt av har vore den  beste garden på Vindastranda og i Imsland, er ikkje med i desse skrifta. Berre alle husmannsplassane under Våga er med. Bjørn Nybru grunngir dette med at Våga vart grundig omtala i ein artikkel i årsheftet til Rogaland Ættesogelag frå 1942. Vi får sjå om det kan vera mogeleg å få leggja ut også denne artikkelen seinare.

Side 4 av 6

  • 1
  • 2
  • 3
  • 4
  • ...
  • 6

Vindetreet 2022

Vindetreet årgang 2022 blir lagt ut for sal i dei fleste bokhandlar og butikkar tidleg mandag 14, eller tysdag 15. november
Salgsstadane finn du HER.
Prisen  er kr 250,-.
Innhaldslista kan du sjå HER
Du kan og sjå artikkeloversikta
for alle utgåver HER.

Lenkjer til Facebook

"Imsland i gamle dar"

"Gamle bilete frå Vikedal"

"Gamle Sandeid"

"Gamle bilder fra Øvre og Nedre Vats"

Det er både opne og lukka grupper. 
Klikk på "Bli medlem" for å få fullt innsyn.

Vindafjordmuseet

Vindafjordmuseet ligg i Vikedal.
Les meir
Kontortid,
tysdagar frå kl. 0800-1500.
torsdagar frå kl. 0800-1200

Opningstider:
Tysdagar kl. 11-15 og torsdagar kl. 10-12.

Sommaren 2022:
tysdag-torsdag og sundag kl. 12-15 (19. juli - 14. august)

Skulemuseet i Skjold er ope i samband med arrangement og skuleopplegg.

Kontakt oss:
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
tlf. 97009834
For spesialomvisning: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Velkomen!

Lenkjer

Rogaland Historie og Ættesogelag
Haugalandsmuseet
Ryfylkemuseet
Arquebus
Slekt og data
Digitalarkivet
Fotonettverk Rogaland
Interkommunalt arkiv

Arkiv

  • februar, 2022
  • november, 2020
  • februar, 2020
  • januar, 2020
  • desember, 2019
  • november, 2019
  • august, 2019
  • juni, 2019
  • april, 2019
  • mars, 2019
  • februar, 2019
  • januar, 2019
  • november, 2018
  • oktober, 2018
  • august, 2018
  • juni, 2018
  • mai, 2018
  • april, 2018
  • februar, 2018
  • november, 2017
  • august, 2017
  • juni, 2017
  • februar, 2017
  • november, 2016

Til toppen

© 2023 Vindetreet