Vindetreet årgang 2023 blir lagt ut for sal i slutten av veke 45. Fredag 10. eller laurdag 11. vil dei fleste forhandlarane ha fått boka. Vindetreet kan nå kjøpast på Coop Extra Sauda. På grunn av sviktande økonomi er prisen i år sett til kr 280,-. Men då får du som før 160 sider med spennade artiklar og bilete frå alle dei ni bygdene i Vindafjord. 

Her er 45 store og små artiklar, forteljingar og småstykkje. Sjå innhaldslista her. I alt 36 ulike forfattarar har gitt sitt bidrag. Berre 10 artiklar er skrivne av folk i redaksjonen. Vi takkar alle som har skrive for oss. Utan dokke ville boka blitt tynn.

Vi må også takka alle annonsørane våre. Dokke gir eit godt bidrag til økonomien vår.

Sogelaga deler som før ut eit eksemplar til alle sine medlemmer, og dei faste abonnentar får tilsendt boka vedlagt faktura i god tid før jul. Boka kan også bestillast her på nettsida vår.