Den siste utgåva av Vindetreet er å få kjøpt frå desember i dei fleste lokale butikkar og bankar. Einskilde bankar og bokhandlar kan også ha ein del tidlegare årgangar. Desse får ein kjøpt til påtrykt pris.
Oversikt over alle forhandlarar finn du her.
For lesarar som bur utanbygds er det også høve til å tinga skriftet som fast abonnement. Ein får då tilsendt skriftet med faktura som inkluderer utsalgspris pluss porto og emballasje. Abonnement kan bestillast ved bruk av skjemaet nedanfor, eller ved e-post.

Alle tidlegare utgåver av Vindetreet er framleis tilgjengelege,og kan kjøpast direkte av redaksjonen. Dette kan ein gjera ved å senda ein e-post med opplysning om kva utgåver ein ynskjer eller ved å bruka skjemaet nedanfor. Hugs å gi opp navn og postadresse, så skal vi senda dei i posten, saman med ein giroblankett.

Prisen for siste utgåve er kr 200,-. For tidlegare utgåver tek vi kr 100,- pr stk. tilbake til og med 2004, og kr 50,- for eldre utgåver. I tillegg kjem porto og emballasje. Vi sel komplett sett med alle tidlegare utgåver for kr 1000,-.

Her kan du bestille siste utgåve, tidlegare utgåver eller abonnement av Vindetreet:

captcha