Vindetreet 2022 er på veg!
- Detaljar
Vindetreet årgang 2022 blir lagt ut for sal i dei fleste bokhandlar og butikkar tidleg mandag 14, eller tysdag 15. november.
Boka har same sidetal som i fjor og kostar framleis berre kr 250,-
Sogelaga deler ut eit eksemplar til alle sine medlemmer, og dei faste abonnentar får tilsendt boka vedlagt faktura i god tid før jul. Boka kan også bestillast på nettsida vår.
Her er mykje å gleda seg til. Her er stoff og bilete frå alle 9 bygdene i Vindafjord. Som vanleg er her stort sprang i innhaldet og noko for ein kvar smak. Innhaldslista finn de her.
Takk til alle som har sendt inn stoff og bilete til redaksjonen. Utan dokke ville boka blitt tynn.
Takk også til annonsørane som støttar oss kvart år.
Norge og Olja - Skjold arena, torsdag 13. okt. Kl 19.00
- Detaljar
Bli med å hør om oljeeventyret frå starten av, til i dag, og bygginga av betong plattformer i Vats og Yrkesfjorden!
Velkommen til Skjold Arena, torsdag 13. okt. Kl 19.00
NORGE OG OLJERIKDOMMEN,
Journalist i Aftenbladet og BT og forfattar Bjørn Vidar Lerøen tar oss med på reisa frå byrjinga og til i dag, av Norsk Oljeindustri.
Pause med kaffi og noko å bite i.
Etter kaffien tar Jan Moksnes med til bygginga av betong plattformer i Vats/Yrkesfjorden, han var sjef for Norwegian Contractors og sentral bygging av betong plattformer.
Alle velkomne!
Inngangspengar: Nok 200.-
BLI MED PÅ TUR TIL NEDSTRAND FOR Å SJÅ OG HØYRE FOREDRAG OM TOLLBODEN
- Detaljar
ONSDAG 28. september 2022
Den gamle tollboden på Nedstrand er fra 1549 og er dermed en av de eldste trebygningene i landet. Den lå lenge lagret under kummerlige forhold frem til den ble restaurert og omsluttet av et nytt vernebygg på kaien på Nedstrand i Ryfylke.
Vernebygget har en tradisjonell sjøhus-form, med store vindus-og døråpninger. Bygget drives av det lokale museet og formidler den spennende historie da Ryfylke sto sentralt i trelasthandelen til Europa på 1500-tallet.
Buss frå Knapphus Kl 18.00
Påmelding innen 22. september, til Anne-Lise Døvik tlf. 958 32 575 eller Jone Hatteland tlf 911 01 617
NB: Ta med kaffi, så fikser me noko å bite i
Pris: NOK 200.-
Alle hjertelig velkomne til: «Husmannsvandring»
- Detaljar
Laurdag 20. august blir det historisk tur på Frøvik i Skjold.
Start frå Tømmervik kl. 11.
Vandringa går til Tonge der det kl. 13 blir presentasjon av boka En kort introduksjon til husmannsvesenet.
Forfattaren Nils Olav Østrem presenterer boka. Professor emerita i historie Eva Jakobsson kommenterer.
Spørsmål og samtale. Ta med niste og gå i gode turskor. Vel møtt!
Dersom dårleg ver blir bokpresentasjonen på Austrheimsbygda bedehus kl. 13.
SKJOLD, VATS og VIKEBYGD SOGELAG
Side 2 av 7