Skrive av Gunnar Listog
I 1977 kom fyrste utgåva av «Sogebladet» ut.
Vikebygd Sogelag vart skipa 16. mars 1977 med Rune Birkeland som leiar, og med følgjande styremedlemmer: Bjarne Alne, Helge Nagel Alne, Bjarne Lunde, John Skartland, Gunnar Svendsbø og Marie Vik.
I vedtektene for laget står det m.a. at laget skal arbeida for å styrka interessa for lokalsoga, og at verneverdige hus og gjenstandar, stadnamn og soger vert tatt vare på.

Desse fekk ansvar for fyrste utgåva av «Sogebladet»: Rune Birkeland (ansv.), Signy Falkeid, Stein Magne Trovåg og Gunnar Listog.
Frå 1978-utgåva og fram til og med 1989-utgåva var Gunnar Listog skriftstyrar. Skriftstyret varierte litt, men fylgjande medlemmer bør nemnast: Signy Falkeid, Per Vik, Stein Magne Trovåg, Andor Bjordal, Renate Vasshus.

Frå 1990-utgåva og fram til og med 1998-utgåva var Helge Nagel Alne ansvarleg skriftstyrar. Helge hadde vore ein ivrig bidragsytar heilt frå starten av, så bladarbeidet var i gode hender.
Fram til og med 2002-utgåva var det så styret i sogelaget som var redaksjonskomite.
Ei lang bladsoge var då slutt, men i 2008 vart lokalsoga frå Vikebygd del av «Vindetreet».
Det lokalhistoriske samlearbeidet i Vikebygd heldt dermed fram. Og det som vart samla mellom to permar i løpet av dei 25 åra «Sogebladet» kom ut, har me no den glede å gjera tilgjengeleg på nett. Me vonar dette vert til glede for mange lokalhistorisk interesserte.

Sogebladet Vikebygd 1977
Sogebladet Vikebygd 1978
Sogebladet Vikebygd 1979
Sogebladet Vikebygd 1980
Sogebladet Vikebygd 1981
Sogebladet Vikebygd 1982 - 1983
Sogebladet Vikebygd 1984
Sogebladet Vikebygd 1985
Sogebladet Vikebygd 1986
Sogebladet Vikebygd 1987
Sogebladet Vikebygd 1988
Sogebladet Vikebygd 1989
Sogebladet Vikebygd 1990
Sogebladet Vikebygd 1991
Sogebladet Vikebygd 1992 - 1993
Sogebladet Vikebygd 1994
Sogebladet Vikebygd 1995
Sogebladet Vikebygd 1996
Sogebladet Vikebygd 1997
Sogebladet Vikebygd 1998
Sogebladet Vikebygd 1999
Sogebladet Vikebygd 2000
Sogebladet Vikebygd 2001
Sogebladet Vikebygd 2002

Dersom nokon ynskjer å bruke artiklar eller stoff frå «Sogebladet» for Vikebygd, er det ønskjeleg at det vert referert til at det er henta frå bladet, gjerne med namn på forfattar, sidetal og år.