Vindetreet
Toggle Navigation
  • Hovudside
  • Om Vindetreet
  • Vindetreet 2021, innhald
  • Artikkeloversikt
  • Artiklar på nett
  • Bilete
  • Kontakt oss
  • Imsland, Vikedal og Sandeid sogelag
  • Skjold, Vats og Vikebygd sogelag
  • Ølen og Bjoa sogelag
  • Vindafjordmuseet
  • Sogebladet VIKEBYGD
  • Sogeblad for Skjold og Vats
  • Segn og Soge
  • Sal av Vindetreet
  • Salgsstadar

Årsmøte i foreininga Vindetreet 2022.

Detaljar
Oppretta 22 mars 2022

Årsmøte i Vindetreet vart halde på Omega 10.03.2022.

Årsmelding og rekneskap vart godkjent.
Medlemmer til styret:
Liv Hovland Ruud, leiar vald for to år
Olav Velde ny representant frå redaksjonen, nestleiar
Kjell Ove Rørheim, attval for to år
Jone Hatteland, attval for to år
Anne Lise Døvik, ikkje på val, sekretær
Anders Haugland, ikkje på val
Theodor Imsland, frå redaksjonen, kasserar

Lars Dalen går ut av redaksjonen etter mange år innsats og fekk gåve. Ny representant for Ølen i redaksjonen er Hans Erik Eikeland.

Styret

Vindetreet 2021 er på veg!

Detaljar
Oppretta 08 november 2021

Vindetreet 2021 blir lagt ut for sal i lokale bokhandlar og butikkar i veke 45 eller seinast veke 46.

Prisen er uendra kr 250,-.
Sogelaga deler ut eit eksemplar til alle sine medlemmer, og faste abonnentar får tilsendt boka vedlagt faktura i god tid før jul.

Her er mykje å gleda seg til, med 34 store og små artiklar frå alle dei 9 bygdene i Vindafjord. Som vanleg er her stort sprang i innhaldet og noko for ein kvar smak. Innhaldslista finn de her.
På grunn av mengda stoff vi får inn, har det vore mindre bilete på midtsidene dei siste par åra og fleire har etterlyst meir bilete. Så i år er vi tilbake med 18 sider gamle bilete.

Takk til alle som har sendt inn stoff og bilete. Utan det ville boka blitt tynn. Berre 7 av artiklane er skrive av folk i redaksjonen.

Takk også til annonsørane som støttar oss kvart år.

Barndom og oppvekst i Nedre Vats

Detaljar
Oppretta 08 november 2021

I årets utgåve av Vindetreet har vi tatt inn ein artikkel skrive av Kjell H. Olsen om korleis det var å veksa opp i Nedre Vats på 1950 og 60-talet. Artikkelen i boka er ei forkorta utgåve av den opphavelege artikkelen han har skrive. Denne vart for lang til å trykkast i Vindetreet. Men nå er heile artikkelen lagt ut på nettsida vår under fana «Artiklar på nett».

Kulturkveld i Sandeid tysdag 19. oktober

Detaljar
Oppretta 31 oktober 2021

På grunn av smittevernreglane kunne ein ikkje arrangera nokon presentasjon då bygdebøkene Heimar og folk i Sandeid kom ut. Vindafjord kommune i samarbeid med Bygdeboknemnda og UIS kalla difor inn til ein kulturkveld på Samfunnshuset 19. oktober kor ein presenterte bøkene og orienterte om arbeidet. For interesserte legg vi her ved presentasjonane som vart brukt:

Livshistorier og samfunnsutvikling i busetnadssoga

Bygd, grend og gard i Sandeid

Tun, teig og kart - Jordskifte på Nedra Helgevoll i 1890-åra

Bygdevandring på Alnavegen laurdag 2. oktober kl.14.

Detaljar
Oppretta 15 september 2021

Side 1 av 5

  • 1
  • 2
  • 3
  • 4
  • ...

Vindetreet 2021

Vindetreet 2021 blir tilgjengeleg i veke 45/46.
Salgsstadane finn du HER.
Prisen  er kr 250,-.
Innhaldslista kan du sjå HER
Du kan og sjå artikkeloversikta
for alle utgåver HER.

Lenkjer til Facebook

"Imsland i gamle dar"

"Gamle bilete frå Vikedal"

"Gamle Sandeid"

"Gamle bilder fra Øvre og Nedre Vats"

Det er både opne og lukka grupper. 
Klikk på "Bli medlem" for å få fullt innsyn.

Vindafjordmuseet

Vindafjordmuseet ligg i Vikedal.
Les meir
Kontortid,
tysdagar frå kl. 0800-1500.
torsdagar frå kl. 0800-1200

Opningstider:
Tysdagar kl. 11-15 og torsdagar kl. 10-12.

Skulemuseet i Skjold er ope i samband med arrangement og skuleopplegg.

Kontakt oss:
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
tlf. 97009834
For spesialomvisning: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Velkomen!

Lenkjer

Rogaland Historie og Ættesogelag
Haugalandsmuseet
Ryfylkemuseet
Arquebus
Slekt og data
Digitalarkivet
Fotonettverk Rogaland
Interkommunalt arkiv

Arkiv

  • februar, 2022
  • november, 2020
  • februar, 2020
  • januar, 2020
  • desember, 2019
  • november, 2019
  • august, 2019
  • juni, 2019
  • april, 2019
  • mars, 2019
  • februar, 2019
  • januar, 2019
  • november, 2018
  • oktober, 2018
  • august, 2018
  • juni, 2018
  • mai, 2018
  • april, 2018
  • februar, 2018
  • november, 2017
  • august, 2017
  • juni, 2017
  • februar, 2017
  • november, 2016

Til toppen

© 2022 Vindetreet