Den siste utgåva av Vindetreet er å få kjøpt frå desember i dei fleste lokale butikkar og bankar. Einskilde bankar og bokhandlar kan også ha ein del tidlegare årgangar. Desse får ein kjøpt til påtrykt pris.
Oversikt over alle forhandlarar finn du her.
For lesarar som bur utanbygds er det også høve til å tinga skriftet som fast abonnement. Ein får då tilsendt skriftet med faktura som inkluderer utsalgspris pluss porto og emballasje. Abonnement kan bestillast ved å senda ein e-post til adressa nedanfor.

Alle tidlegare utgåver av Vindetreet er framleis tilgjengelege, og kan kjøpast direkte av redaksjonen. Dette kan ein gjera ved å senda ein e-post med opplysning om kva utgåver ein ynskjer.
Hugs å gi opp navn og postadresse, helst også telefonnr., så skal vi senda dei i posten, saman med faktura.
Prisen for siste utgåve av Vindetreet er kr 280,-. For tidlegare utgåver tek vi kr 100,- pr stk. tilbake til og med 2004, og kr 50,- for eldre utgåver. I tillegg kjem porto og emballasje. Vi sel komplett sett med alle tidlegare utgåver for kr 1000,-.

Tidlegare utgåver av Segn og Soge kan ein få kjøpt for halv pris pluss porto og emballasje. Ved kjøp av fleire kan ein få meir rabatt, og kjøp av alle eksemplar kostar kr 1000,-.
Ein kan også få kjøpt tidlegare utgåver av Segn og Soge på butikk-museet i Ølen.
E-postadresse for bestilling av Vindetreet og Segn og Soge:
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. telefon 91753446

Vindetreet er sogeskriftet for Vindafjord kommune og har med stoff frå alle dei ni bygdene i kommunen: Imsland, Vikedal, Sandeid, Vats, Skjold, Ølen, Ølensvåg, Bjoa og Vikebygd.
Det er sogelaga i kommunen som står bak skriftet. Vindetreet er organisert som ei foreining med eige styre, der sogelaga er medlemmer i foreininga.

Medlemmer i sogelaga får eit eksemplar av Vindetreet kvart år inkludert i medlemskontingenten. Elles er skriftet å få kjøpt hos bokhandlarar og butikkar i distriktet. Sjå komplett liste over forhandlarar her.

For lesarar som bur utanbygds er det også høve til å tinga skriftet som fast abonnement. Ein får då tilsendt skriftet med faktura som inkluderer utsalgspris pluss porto og emballasje.

Vindetreet kjem ut i god tid før jul kvart år og har informasjon om ulike emne og aktivitet i bygdene før i tida.

Styret I Vindetreet

Liv Hovland Ruud, leiar
Olav Velde, nestleiar
Anne Lise Døvik, sekretær
Lars Dalen, økonomiansvarleg
Ingrid Mathilde Sørvåg
Anders Haugland
Theodor Imsland

Vedtekter for sogeskriftet Vindetreet finn du her.
Historie
Fyrste utgåva av ”Vindetreet” kom i 1992. Dette var eit fellestiltak mellom sogelaga i ”Gamle Vindafjord”. Redaksjonen den gongen vona sogeskrivet skulle bli av årleg karakter, og det er det blitt. I 2018 vart Ølen og Bjoa sogelag med i Vindetreet. Deira sogeblad Segn og Soge vart då innstilt etter 37 årgangar.
Redaksjonen i "Vindetreet" i dag er Tomas Finnvik, Nils Olav Østrem, Gunnar Listog, Theodor Imsland, Olav Velde,, Anne-Lise Døvik, Hans Erik Eikeland, Torhild Hanssen Tunge, Terje Lunde og Lars Bernhard Skipevåg.
Desse har tidlegare vore med i redaksjonen: Anne Berit Skipevåg Tveit, Lars Dalen, Audun Heggebø, Svein Terje Vestø, Solveig Eidhammer, Eli Opsal og Beret Guldberg. Einar Askeland og Magne Haugsgjerd var med i oppstartingsåret.

I tanken bak skriftet står det i fyrsteutgåva: ”Eit hovudmål med dette skriftet er å ta vare på tradisjonar i Vindafjord. Vinda dei opp, om ein vil bruka eit slikt uttrykk, så seinare generasjonar kan nøsta dei. ”
Lokalhistorisk stoff i bygdene er inga mangelvare. Snarare tvert omUtfordringa er tida. Når kunnskapsrike menneske går bort, vert og viktig, lokalhistorisk kunnskap borte.Redaksjonen for ”Vindetreet” bed derfor folk i bygdene og grendelaga skriva ned viktig lokalt stoff, eller tipsa nokon i redaksjonen. Her er også gode, gamle bilete eller dagbøker viktige.
Den lokalhistoriske soga har mange uttrykk. Her i bladet er det både noveller, dikt, artiklar, dagbøker, reiseskildringar og ikkje minst bilete og teikningar. Hovudmålet er å formidla lokalsoga gjennom ”kvardagsmennesket”. Lesaren av ”Vindetreet” er alle dei som for det fyrste har røter eller kontaktar i bygdene her, men det er og dei som er interesserte i lokalhistorie generelt.
Takk for interessa, og god lesnad.

Redaksjonen

 

Stader der dei sel Vindetreet:

Bokhandlarar

- Ark Sund, Haugesund

- Aksdal Bok & Papir A/S, Aksdal

- Ølen Bok og Papir, Ølen

- Ryfylke Bok & IT, Sand

Butikkar

- Vikebygd Landhandel, Vikebygd

- Coop Extra, Knapphus

- Joker, Tors Kolonial, Knapphus

- Coop Prix, Sandeid Handelslag

- Sandeid Bensin

- Coop Prix, Vikedal

- Joker Vikedal

- Imsland Landhandel Matkroken

- Kiwi Skjold

- Kiwi Ølensvåg

- Kiwi Ølen torg

- Skjold Servicesenter

Andre

- Haugesund Sparebank sine kontor i Vindafjord

- Coop Extra Sauda

- Bygdamuseet i Vikedal

- Rogaland Historie og Ættesogelag i Stavanger

- Vindafjord bibliotek og på krambumuseet i Ølen

Eli Opsal og Beret Guldberg gjekk ut av redaksjonen i vår. Begge har vore med i redaksjonen over 20 år, Beret heilt frå oppstarten i 1992, og dei fortener stor takk for lang og god teneste. Begge har likevel bidratt med kvar sin artikkel i år. Dei har ikkje heilt lagt inn årane og kanskje kan vi få nyta meir av deira skriveglede i komande år også.

Inn i redaksjonen har vi fått Anne Berit Skipevåg Tveit, som skal ha hovudansvar for Vikedal og Anne-Lise Døvik som skal arbeida mest med Sandeid.