Vindetreet årgang 2020 vil vera tilgjengeleg på dei vanlege salstadane våre frå midt i veke 48.

Prisen er i år gått opp til kr 250,-, framleis svært rimeleg for så mykje god lesnad.

Boka er på 170 sider i år også og har med 45 artiklar og fleire bilete frå alle dei ni bygdene i Vindafjord. Sidan det i år er 75 år sidan freden kom i 1945, har vi ein eigen seksjon vi har kalla «Fredsvåren 1945» kor folk frå alle bygdene fortel om korleis dei opplevde 8. mai.

Vi har som vanleg mange ulike forfattarar og vi er svært glade for alle som sender oss stoff til boka. Utan dykk ville boka blitt tynn. Takk skal de ha!

Vi vil også takka alle annonsørane som støttar oss år etter år.

Som før vil sogelaga dela ut eit gratis eksemplar til medlemene sine, og faste abonnentar vil få sine eksemplar tilsendt i god tid før jul. Skal du senda ei bok i posten, er vekta rett under ein kg.

Redaksjonen

Vindetreet med Segn og Soge for 2019 vil vera tilgjengeleg på dei vanlege salstadane i slutten av november. Boka er på 170 sider i år også, og har med artiklar og bilete frå alle dei ni bygdene i Vindafjord. Her er til saman 51 innlegg med smått og stort, lett og tungt. Her er heile 38 ulike forfattarar, mange nye. Og vi er svært glade for alle som sender oss stoff til boka. Utan dykk ville boka blitt tynn.
Som før vil sogelaga dela ut eit gratis eksemplar til medlemene sine, og faste abonnentar vil få sine eksemplar tilsendt i god tid før jul. I utsal er prisen kr 200,- som før. Skal du senda ho i posten er vekta rett under ein kg.

Vindetreet 2018 vil vera tilgjengeleg på dei vanlege salgstadane i slutten av november. Det nye i år er at Vindetreet også omfattar det som før var Segn og Soge, og har med artiklar frå Ølen, Ølensvåg og Bjoa. Utgåva i år blir difor ei bok på heile 168 sider med stoff og bilete frå heile Vindafjord. Likevel held vi prisen uendra på kr 200,- som før. Sogelaga vil dela ut eit gratis eksemplar til medlemmene sine som vanleg, og abonnentar vil få tilsendt sine eksemplar så snart vi har fått boka. Til alle andre: Løp og kjøp!
Vi vil takka alle som har sendt oss artiklar og bilete, og som slik bidrar til at skriftet får eit godt og variert innhald.

I år feirar vi at Vindetreet er 25 år med å gi ut ei jubileumsutgåve i bokform. Boka inneheld heile 160 sider med  37 artiklar og ein mengd gamle bilete. Prisen på boka blir kr 200,-.

Manuset er sendt til trykkiing og boka  blir å få kjøpt i slutten av månaden på dei vanlege stadane. Dei som abonnerer på bladet vil få boka tilsendt straks ho føreligg.

På høgre sida ser du framsida med innhald. Her er artiklar og bilete frå alle dei seks bygdene bladet dekkjer: Vikebygd, Skjold, Vats, Sandeid, Vikedal og Imsland. Vi takkar alle som har bidratt med artiklar og bilete. Utan hjelp frå dykk ville det blitt eit tynt hefte.

Presentasjon av Vindetreet 2016
I Sjoar-akademiet på biblioteket i Ølen 7. des. kl 19.00 vil Vindetreet bli presentert saman med Segn og soge og Årbok for Etne sogelag.

Vindetreet 2014  har i år fleire sider enn nokon gong,  men prisen er den same som før. Ein vil  som før finna stoff frå alle dei ulike bygdene våre, og med eit variert innhald. Vi markerer 200-års jubileet gjennom fleire artiklar. Du kan mellom anna lesa om stortingsmannen Rasmus Viland frå Ilsvåg og om då folkestyret og dei politiske vala kom til Imsland i 1814. I tillegg får me lese historiar frå sambygdingar med slektskap til sentrale aktørar i 1814.  Sidene "Gamle bilete fortel" inneheld i år bilete frå 17. mai feiringa  i kvar bygd.

Vi vil takka alle som har bidratt med artiklar og bilete til utgåva. Diverre fekk vi ikkje plass til alle, men må la nokre liggja over til neste år. Takk også til alle som sel skriftet for oss og for annonsørane som støttar oss trufast.

Bladet er lagt ut for sal dei vanlege stadane.  Bur du langt unna desse, kan du bestille bladet tilsendt ved å gå til kontaktsida vår.

Presentasjon av Vindetreet 2014
Vindetreet vil i år bli presentert saman med andre sogeblad to stader:

- SydVest bokfestival og julemesse i Etne, 23. nov. kl 12.00
- Vindafjord bibliotek , onsdag 3. des kl 19.00

Audun Heggebø valde å trekkja seg frå skriftstyret i Vindetreet i år. Han har vore med heilt sidan 2001, og har skaffa mange artiklar og bilete frå Sandeid gjennom desse åra. På vegne av sogelaga og skriftstyret vil vi takka han for alt arbeidet han har lagt ned for Vindetreet!
Skriftstyret