Vikebygd sogelag gav ut eit eige sogeblad i perioden 1977 til 2002. Desse utgåvene er nå scanna og vi legg dei ut her på Vindetreet si side, slik at dei er tilgjengelage for alle også i åra framover.
Blada er tilgjengeleg i PDF format, og du finn dei under eige menypunkt i kolonna til venstre.
Etter 2002 bidreg Vikebygd med artiklar og bilete i Vindetreet kvart år.

  I denne artikkelen vart det teke ut to avsnitt grunna utfordringar med sidetal. Skriftstyret beklagar dette.

Avsnitta gjeld: ”Bruk av namn i Strand-slekta”. Desse kan du lesa her.


Kontortid,
tysdagar frå kl. 0800-1500.
torsdagar frå kl. 0800-1200

Museet har ope følgande sundager frå kl 12.00-15.00:

22. oktober
19. november
10. desember

Kjekke aktivitetar for born og unge, utstillinga Natostasjonen på Lysenuten.

Lett servering.

Bill.: 70/50.

Hjarteleg velkomen.

Kontakt oss:
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
tlf. 97009834
For spesialomvisning: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 

Det er nå mogeleg å lasta ned eit excel-ark med oversikt over alle artiklane som har stått i Vindetreet frå starten.  
Ein kan då sortera på ulike felt som bygd, forfattar eller emne alt etter kva ein er interessert i, og ein kan redigera og skriva ut det ein ynskjer. Oversikta finn du her.
Du kan og laste den ned som pdf HER

Fredag 21. juni 2013 kom ei gruppe på 29 etterkomarar av Bjørn Anderson Kvelve og Abel Cathrine von Krogh på vitjing til Vindafjord. Bjørn Kvelve og Abel Cathrine von Krogh reiste til Amerika sommaren 1836. Audun Heggebø og Harald Hundseid var guidar for gruppa. Paul N. Turner, som organiserte turen, har skrive ei skildring av turen som han sende til Vindetreet. Skildringa, både på norsk og engelsk, kan du finna under Artiklar på nett.