Laurdag 20. august blir det historisk tur på Frøvik i Skjold.

Start frå Tømmervik kl. 11.

Vandringa går til Tonge der det kl. 13 blir presentasjon av boka En kort introduksjon til husmannsvesenet.

Forfattaren Nils Olav Østrem presenterer boka. Professor emerita i historie Eva Jakobsson kommenterer.

Spørsmål og samtale. Ta med niste og gå i gode turskor. Vel møtt!

Dersom dårleg ver blir bokpresentasjonen på Austrheimsbygda bedehus kl. 13.

SKJOLD, VATS og VIKEBYGD SOGELAG

Årsmøte i Vindetreet vart halde på Omega 10.03.2022.

Årsmelding og rekneskap vart godkjent.
Medlemmer til styret:
Liv Hovland Ruud, leiar vald for to år
Olav Velde ny representant frå redaksjonen, nestleiar
Kjell Ove Rørheim, attval for to år
Jone Hatteland, attval for to år
Anne Lise Døvik, ikkje på val, sekretær
Anders Haugland, ikkje på val
Theodor Imsland, frå redaksjonen, kasserar

Lars Dalen går ut av redaksjonen etter mange år innsats og fekk gåve. Ny representant for Ølen i redaksjonen er Hans Erik Eikeland.

Styret

Vindetreet 2021 blir lagt ut for sal i lokale bokhandlar og butikkar i veke 45 eller seinast veke 46.

Prisen er uendra kr 250,-.
Sogelaga deler ut eit eksemplar til alle sine medlemmer, og faste abonnentar får tilsendt boka vedlagt faktura i god tid før jul.

Her er mykje å gleda seg til, med 34 store og små artiklar frå alle dei 9 bygdene i Vindafjord. Som vanleg er her stort sprang i innhaldet og noko for ein kvar smak. Innhaldslista finn de her.
På grunn av mengda stoff vi får inn, har det vore mindre bilete på midtsidene dei siste par åra og fleire har etterlyst meir bilete. Så i år er vi tilbake med 18 sider gamle bilete.

Takk til alle som har sendt inn stoff og bilete. Utan det ville boka blitt tynn. Berre 7 av artiklane er skrive av folk i redaksjonen.

Takk også til annonsørane som støttar oss kvart år.

I årets utgåve av Vindetreet har vi tatt inn ein artikkel skrive av Kjell H. Olsen om korleis det var å veksa opp i Nedre Vats på 1950 og 60-talet. Artikkelen i boka er ei forkorta utgåve av den opphavelege artikkelen han har skrive. Denne vart for lang til å trykkast i Vindetreet. Men nå er heile artikkelen lagt ut på nettsida vår under fana «Artiklar på nett».