På grunn av smittevernreglane kunne ein ikkje arrangera nokon presentasjon då bygdebøkene Heimar og folk i Sandeid kom ut. Vindafjord kommune i samarbeid med Bygdeboknemnda og UIS kalla difor inn til ein kulturkveld på Samfunnshuset 19. oktober kor ein presenterte bøkene og orienterte om arbeidet. For interesserte legg vi her ved presentasjonane som vart brukt:

Livshistorier og samfunnsutvikling i busetnadssoga

Bygd, grend og gard i Sandeid

Tun, teig og kart - Jordskifte på Nedra Helgevoll i 1890-åra

Bli med oss på ein forvitneleg tur til Sandvika tysdag 25. august.

Trygve Sandvik vil visa oss rundt både av nytt og gammalt.

Ta med kaffe, gode sko og klær dersom været ikkje er på lag.

Kjør heilt til endes på Stokkadalen og parker i Sandvika kl. 17.00.

 

Torsdag 10. sept Kl 19.00 Skjold Arena

Foredrag ved Ottar Grepstad, der han vil fortelje

om den nye boka si; 1900 – talet (Forteljingar frå

eit hundreår)

Ottar Grepstad er utflytta Vatsbu, som har utgitt

fleire bøker og kan beskrivast som ein norsk sakprosaforfatter,

nynorskaktivist, har vert direktør for Nynorsk kultursentrum og

styreleder for Språkrådet.

Etter pausen vil Tor-Jan Stokkedal fortelja om boka si som

Omhandler MINNESMERKER fra 2. verdenskrig og de som døde

I Rogaland.

 

Bli med på bygdevandring i Vikebygd, lørdag 26. september

Ingrid Mathilde Sørvåg vil ta oss med på vandring og fortelja

undervegs om folk og heimar.

Parkering ved Kyrkja i Vikebygd, Oppmøte Kl 11.00

Me brukar ca. 3 timar med pause, der ein har mulighet til

Å kjøpe mat og drikke.

Nedanfor ligg ei lenkje som fører til eit skjema der lesaren kan sjå og søkje i manus.
Det er fint om sogelagsmedlemer og andre med kjennskap til gardar og bygder, kan bidra med rettingar, kommentarar og suppleringar til bygdebokmanuset.
Rettingar og kommentarar kan gis på det elektroniske skjemaet, dei kan også sendast eller ringjast inn

Manusutdraget vil liggja tilgjengeleg til 15. april.

https://response.questback.com/isa/qbv.dll/ShowQuest?QuestID=5460345&sid=bM0v6E0IKM