13. mars vart det halde årsmøte i Vindetreet hos Omega i Ølensvåg.

Etter konstituering ser styret nå slik ut:

Liv Hovland Ruud, leiar (vald for eitt år)
Olav Velde, nestleiar
Anne Lise Døvik, sekretær
Lars Dalen, økonomiansvarleg (ny)
Ingrid Mathilde Sørvåg (ny)
Anders Haugland
Theodor Imsland

Varamedlemer:
Liv Hoff Imsland, Einar Askeland og Torgeir Øverland

Det vart også informert om at Ingrid Mathilde Sørvåg går inn som nytt medlem i redaksjonen med ansvar for Vikebygd

På Vikedal Kro og Motell tysdag 20. februar kl 19.00

• Vanlege årsmøtesaker
• Tomas Finnvik fortel om hudskor

Alle medlemmer og andre interesserte er velkomne!

Vindetreet årgang 2023 blir lagt ut for sal i slutten av veke 45. Fredag 10. eller laurdag 11. vil dei fleste forhandlarane ha fått boka. Vindetreet kan nå kjøpast på Coop Extra Sauda. På grunn av sviktande økonomi er prisen i år sett til kr 280,-. Men då får du som før 160 sider med spennade artiklar og bilete frå alle dei ni bygdene i Vindafjord. 

Her er 45 store og små artiklar, forteljingar og småstykkje. Sjå innhaldslista her. I alt 36 ulike forfattarar har gitt sitt bidrag. Berre 10 artiklar er skrivne av folk i redaksjonen. Vi takkar alle som har skrive for oss. Utan dokke ville boka blitt tynn.

Vi må også takka alle annonsørane våre. Dokke gir eit godt bidrag til økonomien vår.

Sogelaga deler som før ut eit eksemplar til alle sine medlemmer, og dei faste abonnentar får tilsendt boka vedlagt faktura i god tid før jul. Boka kan også bestillast her på nettsida vår.