Vindetreet årgang 2020 vil vera tilgjengeleg på dei vanlege salstadane våre frå midt i veke 48.

Prisen er i år gått opp til kr 250,-, framleis svært rimeleg for så mykje god lesnad.

Boka er på 170 sider i år også og har med 45 artiklar og fleire bilete frå alle dei ni bygdene i Vindafjord. Sidan det i år er 75 år sidan freden kom i 1945, har vi ein eigen seksjon vi har kalla «Fredsvåren 1945» kor folk frå alle bygdene fortel om korleis dei opplevde 8. mai.

Vi har som vanleg mange ulike forfattarar og vi er svært glade for alle som sender oss stoff til boka. Utan dykk ville boka blitt tynn. Takk skal de ha!

Vi vil også takka alle annonsørane som støttar oss år etter år.

Som før vil sogelaga dela ut eit gratis eksemplar til medlemene sine, og faste abonnentar vil få sine eksemplar tilsendt i god tid før jul. Skal du senda ei bok i posten, er vekta rett under ein kg.

Redaksjonen

Alle medlemene i sogelaga i kommunen  og faste abonnentar har møte og talerett.
Men berre dei valde utsendingane frå sogelaga og styret har røysterett på årsmøtet.

 I tillegg til vanlege årsmøtesaker og val, blir det kaffi og litt å bita i og kåseri av Steinar Aalvik .

 Styret

Velkommen til Årsmøte i Skjold og Vats sogelag på Nagel tunet, torsdag 27. februar 2020, Kl 19.00

Her blir det foredrag av Arvid Bærheim: Dei fyrste  boreoperasjoner i Norge, sett fra en «roustabout» + Norsk Esso 125 år i Norge!
Matøkt + åresal
Vanlege årsmøtesaker!

Med vennleg helsing
Skjold og Vats sogelag

i stova på Vikedal bufellesskap mandag 10. februar kl 19.00

Vanlege årsmøtesaker

Program elles:
-  Tomas Finnvik fortel om presten Jens Zetlitz

Matøkt

Alle medlemmer og andre interesserte er velkomne!


 

Vindetreet med Segn og Soge for 2019 vil vera tilgjengeleg på dei vanlege salstadane i slutten av november. Boka er på 170 sider i år også, og har med artiklar og bilete frå alle dei ni bygdene i Vindafjord. Her er til saman 51 innlegg med smått og stort, lett og tungt. Her er heile 38 ulike forfattarar, mange nye. Og vi er svært glade for alle som sender oss stoff til boka. Utan dykk ville boka blitt tynn.
Som før vil sogelaga dela ut eit gratis eksemplar til medlemene sine, og faste abonnentar vil få sine eksemplar tilsendt i god tid før jul. I utsal er prisen kr 200,- som før. Skal du senda ho i posten er vekta rett under ein kg.

Kjære sogelagsmedlemmer,

Bygdebøkene for Vikedal kommer i desember, og er klar for bestilling:

Bestillingslinken for Vikedals-bøkene:  www.fagbokforlaget.no/vikedal

Det ekstraordinære årsmøtet i Vindetreet behandla to saker:

1. Nye reviderte vedtekter

Med dei gamle vedtektene vart ikkje Vindetreet godkjent som foreining, fordi dei meinte at det gjekk fram av desse at sogelaga åtte Vindetreet. Ingen kan eiga ei foreining.  Ei nemnd har nå utarbeida forslag til nye vedtekter som gir ei noko friare stilling i høve sogelaga. Forslaget vart godkjent av styra i alle sogelaga, og vart vedtekne samrøystes på årsmøtet.

Dei nye vedtektene kan du sjå HER.

 2. Val av nytt styre i samsvar med dei nye vedtektene.
Desse vart valde:

Liv Hovland Ruud, leiar
Gunnar Listog, nestleiar
Anne-Lise Døvik, skrivar
Theodor Imsland, økonomi
Randi Sletten, styremedlem
Jone Hatteland, styremedlem
Kjell Ove Rørheim, styremedlem

Torhild Tunge Hanssen, 1. varamedlem
Olav Velde, 2. varamedlem
Lars Dalen, 3, varamedlem

Nedanfor ligg ei lenkje som fører til eit skjema der lesaren kan sjå og søkje i manus, og gje tilbakemeldingar i eit skjema. Det er fint om sogelagsmedlemer og andre kjennskap til gardar og bygder, kan bidra med rettingar, kommentarar og suppleringar til bygdebokmanuset.

Du får tilgang til manuset ved å trykke på peikar i teksten du får opp. («Du kan opne ei PDF-fil med manus ved å klikke her» )

Manusutdraget vil liggja tilgjengeleg ut månaden og vi ber om tilbakemelingar innan laurdag 30. mars 2019.

https://response.questback.com/fagbokforlaget/heimarogfolkivikedal

Nils Olav Østrem

Årsmøtet finn stad onsdag 27.februar kl 19 på Ølen Gjestegård.

• Årsmøtesaker
• Budsjett og arbeidsprogram for 2019
• Endring vedtekter
• Kontingent

Etterat årsmøtet er ferdig, kåserar Sylfest Lomheim om
"Ordsprang frå 1917 - 2017" -endringar som har funne stad i dette hundreåret

Velkomne - me har inga påmelding!!

Torsdag 28 februar kl 19.00 i Vindafjordhallen

Program:
Tora Aasland: Om UNESCO
Sylfest Lomheim: «Bør Pilatus vaska hendene sine, eller kan han toa dei?» Språklege utfordringar under omsetjing av Bibelen
• Årsmøtesaker

Det blir høve til å kjøpa kaffi og litt å bita i.

Alle medlemmer og interessert er velkomne.

i stova på Vikedal bufellesskap mandag 25. februar kl 19.00

Vanlege årsmøtesaker

Program elles:
• Orientering om Vindafjord museum
• Status på arbeidet med bygdebøkene for alle tre bygdene
• Foto frå sogelagsturen 2018

Matøkt

Alle medlemmer og andre interesserte er velkomne!

Vindetreet 2018 vil vera tilgjengeleg på dei vanlege salgstadane i slutten av november. Det nye i år er at Vindetreet også omfattar det som før var Segn og Soge, og har med artiklar frå Ølen, Ølensvåg og Bjoa. Utgåva i år blir difor ei bok på heile 168 sider med stoff og bilete frå heile Vindafjord. Likevel held vi prisen uendra på kr 200,- som før. Sogelaga vil dela ut eit gratis eksemplar til medlemmene sine som vanleg, og abonnentar vil få tilsendt sine eksemplar så snart vi har fått boka. Til alle andre: Løp og kjøp!
Vi vil takka alle som har sendt oss artiklar og bilete, og som slik bidrar til at skriftet får eit godt og variert innhald.

Dei tre sogelaga i Vindafjord hadde kalla inn til ekstaraordinære årsmøte den 6. juni 2018 hos Hatteland industrier i Åmsosen. Einaste saka på dagsorden var om Ølen og Bjoa sogelag skulle bli med i Vindetreet, og leggja ned Segn og Soge.

Det vart først halde eit felles orienteringsmøte med ordskifte, før sogelaga gjekk kvar til sitt og hadde formell avstemming. Følgande ordlyd vart vedteke i alle sogelaga:

"Årsmøtet godkjenner at sogeskrifta "Segn og Soge" og " Vindetreet " vert slegne saman til eitt sogeskrift som dekkjer Vindafjord Kommune, under namnet " Vindetreet ", frå og med 2018.

  1. Årsmøtet godkjenner framlegget til vedtekter for sogeskriftet " Vindetreet ", men ber om at vedtektene vert lagde fram for evaluering og mogelege endringar når ein har fått røynsle med drifta."

Her finn du Referat frå møtet og dei nye Vedtektene.

Etter samanslåinga har redaksjonen desse medlemmene, med opplysning om bygda dei er kontaktperson for:

Lars Dalen  Ølen

Anne-Lise Døvik Sandeid

Tomas Finnvik Imsland

Theodor Imsland Imsland

Gunnar Listog Vikebygd/Skjold

Anne Berit Skipevåg Tveit Vikedal

Olav Velde Vats

Nils Olav Østrem Skjold

Torhild Hanssen  Bjoa

Terje Lunde  Ølensvåg

Du finn meir informasjon under "Kontakt oss"

 

For interesserte i slektsgranskning, så er det bare å møte opp på folkebiblioteket i Aksdal førstkommende lørdag 2. juni Kl 10.00 til Kl 14.00!

Dugnadsgjengen på veteranskipet «Rogaland» invitere til

Kulturhistorisk fjordtur med «Rogaland»

Se Nord-Jæren fra vestsida Torsdag 24. mai 17.00 – 21.00



Turen vil gå ut til og rundt Tungenes, der me så «siger» sakte langs land og ser på kulturlandskapet fra vestsida, det er ikkje så ofte me kan det. Historielaga i Randaberg, Madla, Sola og Klepp har medlemmer som vil fortella oss ka me ser og om navn på plassene og gardane langs sjøen. Ta med kikkert om du har.
På returen vil me gå ut i Håsteinsfjorden og blant øyane i denne, der vil skipperen vår fortella om fangst- og fiske-plasser her ute, dei var sers viktige i tidlegare tider.
Turen passer for alle som setter pris på ein flotte båttur i eit område som me sjelden ferast i, og som vil få med litt av nær og fjern fortid.
For dei som kommer rett fra arbeid, vil me og ha ein varmrett å tilby.
Salg av mat og forfriskningar om bord. Velkommen til ein kulturhistorisk kveldstur.
Pris for turen kr 275,-
Påmelding på: sms/telefon: 913 92 462 (Ivar Andersen)
e-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. innen 30. april

Kjære sogelags medlemmer!

 ÅRSMØTE SKJOLD OG VATS SOGELAG Torsdag 22. februar kl. 19.00 på Nagel-Tunet, Skjold

• Seniorforsker ved Norsk oljemuseum, Kristin Øye Gjerde, vil kåsera om: Elektrifiseringa av Haugalandet.

Matøkt – Loddsal

- Vanlege årsmøtesaker

 Alle medlemmer og interesserte er velkomne. ROGALAND HISTORIELAG/SKJOLD OG VATS SOGELAG

Mvh
Skjold og Vats sogelag

Skjold og Vats sogelag arrangerer kurs over tre kveldar.
Første kurskveld torsdag 14.09. kl. 19.00. i Skjold arena.
Treng ikkje ta med utstyr ved oppmøte.
Dei to neste kurskveldane blir 21.09. og 5.10.
Pris kr. 150,- pr. kurskveld.
Kursleiar er Thor Håkon Nordahl.
Påmelding til Jone Hatteland tlf. 911 01 617 innan 11.09.

Sogelaget arrangerer tur til Bjønnstien søndag 3. september.

Oppmøte kl 12.30 på Roalkvam der vegen er merka med skilt og parkering.

Turen er 2,5 km og tek omlag halvannan time. Saft blir servert undervegs.

Vel framme på Bjønnstien vil

• Ola Vikedal fortelja om staden og folket som levde der
• Vi tenner grillen, så ta med grillmat eller anna niste
• Sogelaget kokar kaffi og spanderer kaker

Verforbehold. Ring evt. 47843289

Imsland, Vikedal og Sandeid sogelag

I stova på Vikedal bufellesskap Måndag 13. mars kl 19.00

  •  Vanlege årsmøtesaker
  • Prof. Nils Olav Østrem vil orientera om arbeidet med bygdebøkene for Vikedal, Sandeid og Vikebygd.
  • Matøkt

Alle medlemmer og andre interesserte er velkomne

Torsdag 23. februar kl 19.00 på Nagel-tunet, Skjold

  • Svein Ivar Langhelle vil fortelja om kommune-samanslåinga for 50 år sidan
  • Song og musikk av Hogne Børretzen Ohm og Henny Wannberg
  • Åresal og god mat
  • Vanlege årsmøtesaker

Alle medlemmer og interesserte er hjarteleg velkomne

I år feirar vi at Vindetreet er 25 år med å gi ut ei jubileumsutgåve i bokform. Boka inneheld heile 160 sider med  37 artiklar og ein mengd gamle bilete. Prisen på boka blir kr 200,-.

Manuset er sendt til trykkiing og boka  blir å få kjøpt i slutten av månaden på dei vanlege stadane. Dei som abonnerer på bladet vil få boka tilsendt straks ho føreligg.

På høgre sida ser du framsida med innhald. Her er artiklar og bilete frå alle dei seks bygdene bladet dekkjer: Vikebygd, Skjold, Vats, Sandeid, Vikedal og Imsland. Vi takkar alle som har bidratt med artiklar og bilete. Utan hjelp frå dykk ville det blitt eit tynt hefte.

Presentasjon av Vindetreet 2016
I Sjoar-akademiet på biblioteket i Ølen 7. des. kl 19.00 vil Vindetreet bli presentert saman med Segn og soge og Årbok for Etne sogelag.

Kl 09.00 på 17. mai vil ordførar Ole Johan Vierdal  foreta avduking av ein bautastein til minne om stortingsmann-1814, Rasmus Viland. Støtta er reist på Viland i Ilsvåg, nedanfor vegen. Dette var heimegarden til Rasmus.

Professor Nils Olav Østrem vil delta og halda eit kort  kåseri om  den politiske problemløysinga Rasmus Viland deltok i hausten 1814. Det blir severt kaffi og kake.

Etter initiativ frå Arvid Staupe har Imsland, Vikedal og Sandeid sogelag i samarbeid med grendautvalet i Ilsvåg fått reist steinen. Sogelaget vil takka for økonomisk støtte frå Vindafjord kommune, Haugesund Sparebank, Sandeid bygg & Vedlikehold og sogebladet Vindetre.  Desse har gjort det mogeleg å få reist steinen.

Alle er velkomne til å oververa avdukinga.  

  • Besøk på Tinghaug, tidlegare kunstnarbustad. Her får ein også kjøpt kaffi og kaker.
  • Guida tur til industriarbeidarmuseet.
  • Middag kjøper vi på Kløver hotell.


Knapphus buss køyrer frå Ølen senter kl 10.00 Pris for tur og program kr 250,- pr person

 Påmelding innan torsdag 17. sept. Til Jone Hatteland tlf. 91101617 e-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 Sogelaga og mållaga i Vindafjord, Etne og Skånevik-

Informasjon om torvhusa på Helgeland og demonstrasjon av torvskjering.
Servering av kaffi og lappar.
Kjør opp Fjellstølsvegen. Fordel med støvlar/fjellsko.

Verforbehold. Ring evt. 94873608/91753446

Imsland, Vikedal og Sandeid sogelag

Brevopplesing i Longårsdalen laurdag 22. august
Ta turen til Longårsdals-hytta laurdag 22.8. Klokka 13 les Nils Olav Østrem og andre opp 150 år gamle, historiske brev frå Longårsdalen, sende derifrå til Agatunet i Hardanger.
Husmannen Styrk Sjurson i Longårsdalen skreiv frå midten av 1800-talet og framover brev til dottera Guri og svigersonen Johannes Aga i Ullensvang. Ti av breva hans er nyleg gjenfunne. Dei gir glimt av og informasjon om livet i Longårsdalen og blir presenterte og lesne frå i Longårsdalshytta laurdag 22. august frå kl. 13 til 15.

"Vi har i den senere Tid havt bedre Lykke med vore Kreature, som Ulven nu mer har skaanet..." (brev datert 24.6.1861)

Ein finn merka ruter til Longårsdalen i Vindafjord Kommune sitt turkart HER

Med vennleg helsing
Skjold og Vats sogelag

Utvandringsseminar laurdag 21. mars i Vindafjordhallen, Nedre Vats

Nils Olav Østrem presenterer boka Den store utferda om utvandringa frå Vats og Skjold 1837-1914.
•    Innlegg ved historikar Einar Niemi frå Universitetet i Tromsø om religionens, etnisiteten og regionanes plass i den norske utvandringa.
•    Forteljar Anne Elisebeth Skogen: «Med Restauration gjennom Hell Gate til Det Lova Landet».
•    Bygdebokforfattar Ernst Berge Drange om utvandringa før utvandringa.

Seminaret startar klokka 12:00 etter mogleg båttur på Vatsvatnet frå Refsnes klokka 10:00.
Seminaravgift, inkludert mat: 200 kr. Slutt til ca. kl. 17:00.
                                    Arr.: Skjold og Vats sogelag
For påmelding til tur på Vatsvatnet og seminaret, ta kontakt innen 17. mars:
med Jone Hatteland mobil: 911 01 617 eller Anne-Lise Døvik mobil:  958 32 575

Link til program

Tid: Onsdag 25. februar 2015, kl. 19.00.
Stad: Fellesstova på Vikedaltunet bufellesskap

Foredrag ved Anne Berit Skipevåg Tveit: «Husmannsplass i Vikedal - kor låg dei?»
Orientering ved Kari G. Hempel, Arne Langhelle og Nils Olav Østrem om bygdebokprosjektet for Vikedal, Sandeid og Vikebygd.

Det blir historiekveld I Austerheimsbygda 19. februar Kl 19.00!
Med Austrheimsbygda og Longårsdalen midt i landet
-om hardingar, husmannsjenter, bondekoner, søskenlag og andre nyskaparar

Innlegg/foredrag  av Nils Olav Østrem.
Sett av kvelden, alle er hjarteleg velkommne!

Med vennleg helsing
Skjold og Vats sogelag

I 2014 utgåva av Vindetreet skreiv Gunnhild Skeie og Hilda Stople ein artikkel om familiebedrifta Hustvedt og Skeie i Sandeid.
Dei var då elevar ved Ølen Vidaregåande skule, og artikkelen  er ei litt forkorta utgåve av deira bidrag til HIFO sin prosjektkonkurranse ”Min familie i historien”
Me legg denne artikkelen ut på nettet nå, då innhaldet har transporthistorisk interesse utover lesarane til Vindetreet.

Les artikkelen HER

Vindetreet 2014  har i år fleire sider enn nokon gong,  men prisen er den same som før. Ein vil  som før finna stoff frå alle dei ulike bygdene våre, og med eit variert innhald. Vi markerer 200-års jubileet gjennom fleire artiklar. Du kan mellom anna lesa om stortingsmannen Rasmus Viland frå Ilsvåg og om då folkestyret og dei politiske vala kom til Imsland i 1814. I tillegg får me lese historiar frå sambygdingar med slektskap til sentrale aktørar i 1814.  Sidene "Gamle bilete fortel" inneheld i år bilete frå 17. mai feiringa  i kvar bygd.

Vi vil takka alle som har bidratt med artiklar og bilete til utgåva. Diverre fekk vi ikkje plass til alle, men må la nokre liggja over til neste år. Takk også til alle som sel skriftet for oss og for annonsørane som støttar oss trufast.

Bladet er lagt ut for sal dei vanlege stadane.  Bur du langt unna desse, kan du bestille bladet tilsendt ved å gå til kontaktsida vår.

Presentasjon av Vindetreet 2014
Vindetreet vil i år bli presentert saman med andre sogeblad to stader:

- SydVest bokfestival og julemesse i Etne, 23. nov. kl 12.00
- Vindafjord bibliotek , onsdag 3. des kl 19.00

Søndag 7. september kl.13.00
KOLADAL  og husmannsplassen JUVET i Fjellgardane

Harald Stølsmark og Ola Vikedal fortel
Sal av rømmegraut og kaffi
Imsland, Vikedal og Sandeid sogelag

Audun Heggebø valde å trekkja seg frå skriftstyret i Vindetreet i år. Han har vore med heilt sidan 2001, og har skaffa mange artiklar og bilete frå Sandeid gjennom desse åra. På vegne av sogelaga og skriftstyret vil vi takka han for alt arbeidet han har lagt ned for Vindetreet!
Skriftstyret

Vindetreet 2009 er nå tilgjengeleg på alle salgstadane. Sjå under. Prisen på denne utgåva er sett til kr 120,-.
Klikk på biletet av framsida til venstre for å sjå denne i full størrelse og innhaldet i den nye utgåva

 












Stader der dei sel Vindetreet
Bokhandlarar

- Ark Sund, Haugesund

- Aksdal Bok & Papir A/S, Aksdal

- Ølen Bok og Papir, Ølen

- Gardum Libris i Stavanger

- Sauda Libris, Sauda

- Ryfylke Bok og Papir, Sand

 

 

Butikkar

- Coop Marked, Skjold

- Vikebygd Landhandel, Vikebygd

- Buo landhandel, Innbjoa

- Coop Marked, Knapphus

- Tors Kolonial, Knapphus

- Sandeid Handelslag

- Sandeid Bensin

- Coop Vikedal

- Joker Vikedal

- Imsland Handelslag, Kvaløy

 

Andre

- Alle bank-kontor i Vindafjord

- Servicetorget i kommunen

- Ryfylkemuseet på Sand

- Bygdamuseet i Vikedal

- Rogaland Historie og Ættesogelag i Stavanger